Onsdag presenterte Svorka Energi i lag med kommunane Halsa, Rindal og Surnadal den nye Energiportalen Svorka for pressa. Energiportalen svorka skal være eit hjelpemiddel og ei inspirasjonskilde for private straumkundar i dei tre kommunane, og denne tjenesta blir tilbydd for gratis bruk for private boligar. Denne tjenesta er tidlegare teke i bruk i fleire kommunar landet rundt, men avtalen med at Svorka Energi er med i dette kommunale samarbeidet er unikt. Svorka er det første energiselskapet som deltek i energipoprtalen. Det internettbaserte programmet har låg brukarterskel og er enkelt i bruk, fortel prosjektleiar Einar Oterholm som presenterte opplegget for pressa.
Dette er altså eit spleiselag mellom kommunane og Svorka Energi, og pressa fikk ein grundig og informativ presentasjon av opplegget og demonstrasjon av portalen i bruk. Energiportalen viser korleis bruken av energi blir påvirka av enkle tiltak som kan gjerast bygningsmessig ved isolering, valg av varmekjelde og det viste også korleis enkle endringar av våre forbruksvanar kan påvirke straumbruken og dermed straumrekninga. Mellom anna fikk vi sjå korleis våre dusjevanar påvirka strumbruken.
Med på presentasjonen var også ordførar Ola t. Heggem, varaordførar Ivar Betten og ordførar Mons Otnes. Dei var imponert over opplegget for energiportalen, og mente at den blir eit viktig hjelpemiddel i det holdningsskapande arbeidet som blir gjort. Spesielt med tanke på å bevisstgjera ungdommen til å bruke straumen som er ein knappheitfaktor på ein fornuftig måte gjennom presentasjon i skuleverket. Dei same tankane har også Svorka energi gjort seg med tanke på sine straumkundar, så adm. dir Hallvard Fjellvær.
Som sagt er brukarterskelen låg, og det er berre å logge seg på gjennom heimesida til Svorka Energi. Der har Energiportalen fått ei eiga fane for å finne fram til startsida, der du kan starte med å skrive inn ditt gardsnr og bruksnr, eller gateadresse for å finne huset ditt. Dermed er du i gang, og blir gjennom informasjon på sida fortalt korleis du skal gå fram og korleis du skal tilpasse dei forskjellige verdiane. Her er det berre å sette i gang og sjå kva du må gjera for å få ned straumrekninga!