Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

T.I.L.: Endringar i driftsstyret for vinteranlegg og skihytta

Jon Olav Ørsal Fredag 16. januar 2015

Det nye lysløypeanlegget på Tjønnmyran er ferdig og teke i bruk. I samband med  drifta av det nye anlegget, nyttar driftsstyret høvet til å tilpasse mannskapet i gruppa. Endringane som blir gjort er førebels, og gjeld fram til årsmøtet seinare i vinter, fortel Terje Nordvik, som leiar gruppa som har ansvar for alle vinteranlegg, løypekjøring og for skihytta.

Driftsstyret er no samansett slik:

Leiar og ansvarlig for utleie: Terje Nordvik
Dugnadssjef: Knut Halset
Medlem: Torkjel Moe
Scootersjef: Ståle Ansnes
Medlem: Gunnar Nordvik

Gruppa foreslår sjølv at det blir gjort vedtak om å endre driftsstyret frå årsmøtet, og foreslår at skuterkomiteen blir på 4 personer – 2 «habille» personar – utenfor sjølve komiteen, slik at skuteroppdraga som f.eks. løypeoppkjøring, kan settast opp i turnus på 4 veker fra november ut sesongen.

Skihytta på Ørsalfjellet

Når det gjeld utleie av Skihytta på Ørslafjellet skal alle henvendelsar skje til Terje Nordvik Tel: 913 38 052

Hytta har 15 soveplassar, og blir leid ut til medlemar, grupper og andre lag og organisasjonar. Hytta har godt utrusta kjøkken og gasskomfyr med 3 bluss. Hytta har installert strømanlegg, basert på solcelleanlegg og LED-lys.

Medlemar i Todalen idrettslag låner i dag hytta gratis, medan prisen for  kr 100,-  pr. person/natt inkl. bruk av ved og gass. Spesialpris etter avtale for lag og grupper. NB! Alle må ha med eigen sovepose.

Adkomst til skihytta skjer frå Todalen ungdomshus, via skogsvegen opp Øyalia, eller frå Ørsalhøgda via skogsvegen opp Haukålia. Turen tek ca 1,5 time.

 

 

Publisert: 16. januar 2015, 10:31