Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Endring i Kårvatn Skyrace 2025 på grunn av vêret

Jon Olav Ørsal Laurdag 16. august 2025

Regn og skodde i høgfjellet fører til at Trollheimen fjellsportklubb må endre  programmet for Kårvatn Skyrace 2025.  Det vil seie at 29 km går ut og løparande blir overført til den 15 km lange løypa i lag med juniorane.  – Det er for resikabelt å sende løparane opp på snaufjellet i dette vêret, seier løpsleiar Halvor Drøpping.  Dermed går starten kl 10:00 for 29 km løypa ut og dei startande blir overført til starten for 15 km som går kl 11:30.  

De øvrige distansane går som planlagt, og  dermed får vi start for Trim 4 km kl 10:30, Barneløypa 2,5 km kl 10:45, trim 10 km kl 11, aktiv 10 km kl 11:30 og så altså aktiv 15 km kl 11:30 saman med dei som blir overført frå distansen 29 km. 

Sekretariat og sal av kaffe og bakels og andre forfriskninga foregår i dei gamle butikklokala på låven. Arkivfoto Jon Olav Ørsal

Sekretariat og sal av kaffe, bakels og andre forfriskningar held hus i dei gamle butikklokala på låven og dermed i ly for eventuelle regnbyger som måtte dukke opp utover dagen.  Trollheimen fjellsportklubb ønsker alle velkomne til Kårvatn, både deltakarar og publikum 

Publisert: 16. august 2025, 07:41