Det er nok mange som har venta på snø og skiføre. I går kveld og i natt kom det første snøfallet i det nye året. 15-20 cm nysnø kan vi skilte med, og meir er i vente utover ettermiddagen og kanskje mest til kvelden og natta etter vêrmelding på yr.no.
Det er nok mange som har venta på snø for å prøve skiene dei fikk til jul, og mange som ventar på å kome i gang med skitrim i den nye lysløypa på Tjønnmyra. Vi kjem att med melding så snart det er klart for bruk av lysløypa. Utover veka er det meldt nullføre og opphaldsvêr, men vi bergar kanskje skiføret i lysløypa på Tjønnyra.
Her finn du vêrmeldinga for det næraste døgnet og langtidsvarselet på yr.no.