Ola Talgø skein som ei sol – for endeleg vart det kronhjort på han! Det var under jaging i Huslia ovafor Talgø Gard at Ola fikk inn fulltreffaren på 12-spiringen. Ola var ein av jagarane og i ei lita opning hadde han nokre få sekund på seg til å få inn skudd på det prektige dyret. Den sjangsen nytta han til fulle, og felte kronhjorten med det flotte geviret.
Ola har felt mange både hjortar og elgar tidlegare, men kronhjorten har han venta på – helt til i dag. Det var fine tilhøve for jakt først på søndagen, men etter kvart vard det skikkeleg regnvære og jaktlaget vart skikkeleg blaute før dei fikk transportert kronhjorten ned for slakting.
Våte vart også gjengen som var på jakt på sørsida før dei kom seg ned. Dei fekk fulltreffar på spissbukk ved Svarthamran i Ørsallia. Spissbukken vart frakta ned til Øya for slakting og henging til mørning.