Etter ein grå start på dagen siste måndagen i mai klårna det opp, og det vart ein fin turdag langs Toåa.
Turen gjekk frå Hals bort til Halsabrua, så forbi Gunnøya og opp til Båthølen. Her var det byggeaktiviet, arbeidskarar som var i full gang for å få i stand fiskeplassen. Etter kaffepause vart det tur langs elva opp til Bønnavollan, og retur same vegen for å unngå allmannvegen og asfalt. For Kløverturgjengen er turstien eit riktig fint turområde. Her vil det bli mange Kløverturar framover. Får tru at det et etter kvart blir så lite koronasmitte, at det også kan bli Rusletur til Båthølen i løpet av sommaren.
Og ikkje minst så var det kjekt å vera ute på tur utan ullstillongs og regnjakke!
Neste Kløvertur blir ikkje før 8. juni, da måndag om ei veke er 2. pinsedag og «rauddag».
Fleire bilete frå ein fin dag: