Vi har venta leng på skiføret i vinter, slik at vi har kunna arrangere «Barn i løypa». Endeleg vart det såpass med snø det siste døgnet, så no er det nypreparerte løyper og fint skiføre i lysløypa på Tjønnmyran, seier Gunnar Nordvik som er leiar i Ski- og friidrettsgruppa i Todalen I.L. Dermed vart det hastinnkalling til skirenn og snøleik på Tjønnmyran i kveld, til stor glede for dei mange smårollingane som hadde funne fram skier, akebrett og rattkjelker.
Det var stor iver for å kome i gnag, og borna stakk ut i lysløypa straks dei fekk ski på beina, og det vart rapportert både ein, to og tre rundar gjennom blåtimen i kveld. Og i pausen var det sjølvsagt servering av varm saft i gapahuken, der det også var fyrt opp på peisen. Reint så triveleg var det når det endeleg vart ein «vinterkveld».