Dårleg vêr og anna trøbbel har hindra asfaltlegging på området utafor Matkroken og Talgøfabrikken på Kvennset. Men i dag var det blå himmel og ein strålande finvêrsdag og dermed troppa mannskap frå Veidekke/Lillerovde opp med utstyr for asfaltlegging i småskala.

Kaffelag etter at jobben var gjort. kaffe og Tropisk aroma var slett ikkje kvardagskost for asfaltleggarane frå Veidekke/Lillerovde. Frå venstre Terje Nordvik, Ronny Lillerovde, Bjørnar Enebakk, Geir Inge Røeggen, Tore Glærun, Ken Jøran Vatn, Josef Matiasosky og Arve Bjerkås. Foto: Jon Olav Ørsal
Arbeidet var godt førebudd, så asfaltlegginga gikk fort unna på begge sider av vegen. Dermed var det klart for kaffelag med både tropisk aroma og ferske wienerbrød i Kaffekroken etterpå. Å bli traktert med kaffe og kaker var slett ikkje kvardagskost for asfaltleggarane som tok seg tid til ein skikkeleg kaffepause etter at jobben var gjort.