Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Endeleg vart det snø

Jon Olav Ørsal Sundag 22. november 2015

Hallvard og Tor Asbjørn sett stor pris på at det vart kvitt på marka. Hallvard har funne fram skiutstyret og, Tor Asbjørn prøva akebrettet, da Todalen.no trefte dei to i Brusetmarka søndag føremiddag. Kanskje litt i minste laget for å laga fine skiløyper enno, men det var i allfall nok til litt prøvekjøring på plena på Liatun, men dei to ønska seg sjølvsagt litt meir snø og skikkeleg skiføre.

Kanskje blir dei bønnhørt alt i kveld – det ligg iallfall litt snø i lufta i ettermiddag og vêrmeldinga på yr.no tyder på at det kan nokre snøbyger, før vindretninga snur til sør-aust utover måndagen. Frå tysdag og utover veka blir det mildvær og sørleg vindretning – uten nedbør etter langtidsvarselet.

 

Først publisert: 22. november 2015, 16:35 - Sist oppdatert: 25. november 2015, 14:23