I varmen og godvêret den siste veka har både lauv, gras og blomster fått ein flying start. Det har gjort at sauer og lam etter kvart har fått ut for å få målbyte fra silo og høy, over til grønt gras – nygrøa som dei er gloherske på. I Viastua har Gudmund Kvendset slept sauene ut på beite dei siste dagane, og det har vore stor stas for dei nyfødde lamma.
For lamma er nok dette ei god tilvenning til dei skal sleppast ut på beite i Kvennsetdalen og på Lauvåfjellet i sommar. Blir det sommarvarme i komande veker vil det nok være klart for årets saueslepp om eit par tre veker.