Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Endeleg Todals-Cup i fotball igjen!

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 26. juni 2021

I fjor vart alle fotballcupar avlyst på grunn av koronasituasjonen og smitteverntiltak i samband med epidemien. Så gleda var stor da Todalen Idrettslag fekk klarsignal for å gjennomføre Todals-Cupen i fotball under Todalsdagen, som vart arrangert i dag, sjølv om det innebar kort tid til førebuingar og invitasjonar. 

Første kamp under Todals-Cupen 2021 er i gang. Foto: B G Ansnes

Todalen Idrettslag hadde lenge planlagt å arrangere eit forminska arrangement òg i år, utan fotball, men da klarsignalet endeleg kom, veka før, for å få arrangere Todals-Cupen i fotball, vart arbeidet med å invitere igangsett. Michal Heimlund, leiar i Todalen Idrettslag, er særs godt nøgd med idrettslaget sine sponsorar og samarbeidspartnarar, som sjølv før det var avgjort at det vart fotballcup, velvillig stilte opp med sponsormidlar. – Det er vi særs takknemlege for, seier Heimlund. – Todalsdagen er den viktigaste inntektskjelda vår, og utgjer ein stor del av dei totale inntektene våre gjennom året, så arrangementet er avgjerande for drifta av idrettslaget, avsluttar han. 

Helsing før kamp. Foto: B G Ansnes

Det var 34 fotballag med spelarar i aldersgruppa 6 – 10 år som hadde meldt seg på årets utgåve av Todals-Cupen. Det vart spela fotball på fem banar, der tre av dei var for aldersgruppa 6-7 år medan dei 2 siste banane var for aldersgruppa 8-10 år. 6-7-åringane spela 3-erfotball medan 8-10-åringane spela 5-erfotball. Vêret under Todals-Cupen var lett overskya og passe varmt utan nedbør. Med andre ord, heilt perfekt for fotballcup!

Aldersgruppa 6-7 år spela 3-erfotball i «bingen». Foto: B G Ansnes

Det var tydeleg at spelarane, foreldra, beste- og oldeforeldre, og mange andre, var glade for at det endeleg kunne spelast cup igjen. Det var mykje folk og stor innsats og entusiasme både på og utanfor banen, og det såg ut til at alle kosa seg, både liten og stor!

Helsing før kamp. Foto: B G Ansnes

Alle spelarane fekk etter siste spelte kamp premie, og for mange var dette deira første, men heilt sikkert ikkje siste, premie for å ha vore med på fotballcup. Vi får håpe det gav meirsmak og at vi ser dei at til neste års Todals-Cup! 

Stor innsats. Foto: B G Ansnes

Både kiosk og grill rapporterer om stor omsetning i løpet av dagen, så tydeleg at mange hadde kosa seg i både mat og andre forfriskingar under Todalsdagen.

Det vart nytta tre bingar for å avvikle Todals-Cupen for dei yngste. Foto: B G Ansnes

Todalen Idrettslag ønskjer å takke alle som besøkte årets Todalsdag og på den måten bidro til ein minnerik dag!

Stor innsats. Foto: B G Ansnes

Nedanfor kan du sjå bilete frå Todals-Cupen i fotball:


Samarbeidspartnarar Todalsdagen 2021:

Publisert: 26. juni 2021, 16:30