Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Endeleg skjer det!

Jon Olav Ørsal Onsdag 22. juni 2016

Det er nok mange som har lurt på når den nye bygdeboka kjem, og no kan vi røpe det. Den kjem no, og blir å få kjøpt frå fredag 24. juni og premieren skjer på eigen stand på Norsk Laksefestival på Skei, fortel Norunn Holten frå Bygdebokkontoret i Surnadal.  Dei har også planlagt å ha stand på Bordholmen under Todalsdagen den 2. juli, der du kan få kjøpe den nye bygdeboka for Nordvik og Todalen som er første bind.

No når det første bindet er ferdig, er vegen vidare for dei neste binda staka ut. Norunn Holten fortel dei har vore gjennom dei fleste problemstillingane og har på ein måte laga seg ein mal for å gjøre det lettare å fortsette arbeidet. – Vi gler oss no på å presentere første bind som altså blir å få kjøpt på fredag.

 

Publisert: 22. juni 2016, 13:38