Laurdag 12. august er det klart for Surnadal open. I samband med dette vil Surnadal kunstforening stå for Popup-utstilling i 1. etasje og «Mine Nordmørsminner» ved Odd Ingar Skrøvseth i 2. etasje på Surnadal Billag.
Før ein kjem så langt som til utstillingane, vil det først bli ei lita kunstreise, med oppstart frå Surnadal kulturhus klokka 12:00. Bussturen er, takka vere Norske Kunstforeninger, heilt gratis.
Første stopp blir Stangvik. Der vil det bli besøk på Postvegutstillinga i Bondehuset og utstillinga «From pottery to nature- from nature to pottery» ved Kvenna Kunstverksted. Avgang frå Svissholmen klokka 14:00.
Deretter går turen inn til Todalen og Odd Ingar Skrøvseth sitt atelier. Odd Ingar vil gje deltakarane eit innblikk i grafikkens verden. Avgang frå småmåthamna rundt klokka 15:30.
Neste stopp blir Kallastua. I 1. etasje vil ein møte Ine Harrang og hennar tre digitale installasjonar «Presence of distance» . I 2. etasje får ein sjå ein kopi av ei Kalla Skrøvseth-utstilling frå 2018. Den vart i si tid arrangert, med kurator Ine Harrang, i samband med Møre bispedømme sitt 35-årsjubileum, og Ingeborg Midttømme sitt 10-årsjubileum som biskop i Møre, i Molde.
Etter besøket i Kallastua køyrer bussen til Surnadal kulturhuset og Finstua att. Her vil ein få sj «Landskap frå Surnadal» av Jon Arne Mogstad og Cecilie Nissen.
Til slutt endar turen på Surnadal Billag.
Den tidligere annonserte Billags-puben klokka 21:30 går dessverre ut, så Surnadal kunstforening vil difor anbefale musikkpuben i Trudvang klokka 21:00 eller operakonsert i Todalen ungdomshus klokka 20:00, som gode alternativ!
Surnadal kunstforening ønsker alle velkommen til Surnadal open!
Medlem i Todalen.no –