Endeleg vart det lagt ny asfalt på den biten som mangla mellom den gamle Hals-bua og Gammelstua på Todalsøra. Her har det vore sølepyttar i vegbanen året rundt, på grunn av tette avløpsrør og problem med å bli kvitt vatnet.

Asfaltgjengen frå Veidekke – i hovudsak Romsdalingar – Det 6 mann store asfaltlaget sørga for bra resultat. Foto Terje Nordvik
No har Veidekke bokstaveleg talt laga vei i vellinga, og ordna skikkeleg avløp som er kobla på avløpsrøra i grunnen mellom dei to nemnte husa. I dag la dei krona på verket og kom til Todalsøra med asfaltutstyr og la ny asfalt på den 20 meter lange vegstompen som har laga problem dei siste åra.
Vegstumpen som vart lagt i dag var einaste oppdraget i Todalen denne gongen, og mannskapet frå Veidekke – i hovudsak Romsdalingar – skulle dra vidare til eit prosjekt på Gjøra i Sunndal.



