Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Endeleg friidrett att

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 31. august 2022

I kveld arrangerte Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag friidrett på Bordholmen stadion att. Det var ikkje det heilt store oppmøtet, men det har nok samanheng med at fleire var opptekne med fotballkampar og overnattingstur på ungdomsskulen. Men aldersspennet var til bra, med deltakarar frå 9 – 18 år.  

Så var det kast av liten ball som stod på programmet. Foto: B G Ansnes

Dei ti frammøtte fekk prøve seg både i lengde med og utan tilløp, kast av liten ball og å springe 60-meteren. 

Til slutt fekk alle deltakarane frukt. Foto: B G Ansnes

Etter at øvingane var ferdige, vart det servert frukt til alle deltakarane. 

Publisert: 31. august 2022, 19:23