I kveld arrangerte Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag friidrett på Bordholmen stadion att. Det var ikkje det heilt store oppmøtet, men det har nok samanheng med at fleire var opptekne med fotballkampar og overnattingstur på ungdomsskulen. Men aldersspennet var til bra, med deltakarar frå 9 – 18 år.
Dei ti frammøtte fekk prøve seg både i lengde med og utan tilløp, kast av liten ball og å springe 60-meteren.
Etter at øvingane var ferdige, vart det servert frukt til alle deltakarane.