Langtidsvarslet på yr.no viser endeleg at det er sommartemperaturar på gang, med temperaturar som viser oss 20-talet. I avisa blar vi opp heilsides annonse for Hageland – med nettopp sommarsalg på både hagemøblar, sommarblomster og grønplanter med store rabattar. Ein telefon til May Britt Dyrli, som er dagleg leiar for Talgøbutikkane bekreftar at det no går mot slutten for sommarsesongen på Hageland. – Ho fortel at på tross av at det har vore ein dårleg og kald sommar over heile landet, så har dei klart seg bra.
Det er klart at sommarvêret har prega salget både av hagemøblar og sommarblomster, men når ho tek forholda i betrakning så har dei klart seg utruleg bra gjennom sesongen. – no ser det faktisk ut for at vi har fått litt etterslep på sommaren, og det passer bra no når vi har sesongsalg på sommarvarene denne veka, seier May Britt, og legg ut om hagemøblar med inntil 50% rabatt og sommarblomster og grønplanter til halv pris. Ho poengterer at det no er rett tid for å plante busker og hekkplanter, og byr på 30% på alle rododendron, hekkplanter, roser, klatreplanter og busker, seier May Britt til slutt.