I dag kunne Surnadal kommune endeleg invitere til storstilt åpning av Surnadal Frivilligsentral. Einingsleiar i kulturavdelinga Lilli Husby ønska eit fullsatt lokale velkommen til ein gledens dag, etter fleire månader som har blitt til år før åpninga endeleg vart ein realitet.
I 2016 måtte den tids ungdomsklubb ta ein pause etter at dei gamle lokala skulle rivas. Pausen vart dessverre lengre enn forespeila, både på grunn av økonomi, lokasjon og til slutt byråkrati. -Eg ønsker derfor å rette ein stor takk til politikarane våre som har sett behov og ønsker dette tilbudet, avslutta ho.
Ordførar Margrete Svinvik fekk så æra av å klippe snora. -Eg gler meg til dette; å få samla både frivilligheta og ungdomsklubben i lag. Dette blir eit positivt treffpunkt midt i sentrum.
Til slutt fekk dagleg leiar Hilde Staveli Solli også ordet og kunne rette ein stor takk til alle som i ulik grad hadde bidrege til at åpninga endeleg vart ein realitet. Ho ønska blant anna å rette ein stor takk til huseigar Erik Fiske som hadde gjeve dei frie tøyler i utforminga av lokalet som verkeleg hadde vorte lyst og fint med både innholdsrik utstyrssentral og eit tipp topp kjøkken.
Kulturskulen sto deretter for underhaldninga, med to unge og flinke representantar som både spela og song.
Etter kvart vart det servering, kor Surnadal sanitetsforening stilte på kjøkkenet for å traktere alle dei frammøtte med kaffer og kaker.
Til kvelds skulle ungdommane møtast for si offisielle åpning. Da skulle det bli pizzakalas og åpning av ungdomsklubben, som har eige rom i den nye sentralen. Dette rommet er naturlegvis dekorert av ungdommane sjølve.