Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Elvis, western og animasjon på Surnadal kino

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 21. juni 2022

I starten på skuleferien, kan Surnadal kino by på Elvis, western og animasjon. Alle western-entusiastar bør få med seg Old Henry, ogg berre kort tid etter at Kjell Elvis besøkte Surnadal, så kjem jaggu «Kongen» tilbake på, men denne gongen på det store lerretet! Det er Laksedagar i helga, og det gjer det for tungvint å vise film fredagskvelden, så da blir søndag den «store» kinodagen»!

 

Endeleg kjem det ein westernfilm att, og heldigvis av den realistiske sorten. Old Henry er ein film spesielt for dei som er gamle nok til å kjenne att namn som «Billy The Kid», som veit at det ikkje lukta særleg grønsåpe og Klorin i Det Ville Vesten og som elskar lukta av krutrøyk om morgonen. Går som dagkino denne veka (tysdag/torsdag kl. 13) og onsdag kl. 20.30. Vel verdt å få med seg for dei som likar westernfilmar!

 

 

LIGHTYEAR er alternativet for dei yngre onsdag og søndag. Animasjonsfilmen frå Disney/Pixar handlar sjølvsagt om Buzz Lightyear, kjent frå t.d. «Toy Story». «Morsomt og energisk romeventyr», konkluderer NRK Filmpolitiet.

 

Søndag brakar det altså laus med Elvis-film på Surnadal kino. Filmskapar Baz Luhrmann er kjent for filmar som «Romeo + Juliet» og «Moulin Rouge», visuelle og storslegne filmar – og det er nok også filmen om Elvis Presley. Elvis vil også gå som dagkino neste veke.

Kinobillettar kjøper du på surnadal-kulturhus.no

Publisert: 21. juni 2022, 08:00