I dag starta utleige av elsyklar i Todalen. Det er Todalen Grendalag som administrerer utleiga av dei fem elsyklane, som du kan leige. Syklane står på Matkroken Todalen, og må leverast der etter bruk. Syklane blir leigd ut i tidsrommet mellom klokka 10:00 – 20:00. Leigeprisen per sykkel er kr. 200,- pr. dag samt familie som kostar kr. 400,- pr. dag (inkluderer 3 syklar og sykkelvogn).
For å leige sykkel må du ta kontakt på telefon 986 11 707, betale leiga til vipps 568828 og hente ut syklane på Matkroken Todalen. Når du er ferdig med leiga, blir syklane levert på Matkroken Todalen att, og du gjev beskjed til bookingtelefonen (986 11 707) at du har levert. Eventuelle feil og manglar må rapporterast ved levering.
Inge Bævre og Kristin Strandheim var første par ut til å leige kvar sin elsykkel. Dei sykla utover stranda og via Snøyå og Nausta til Svinvika og arboretet. – Vi har hatt ein kjempefin tur og fått sett mykje, fortalte dei to, før det bar heim for å grille.
Inge og Kristin vær særs nøgd med elsyklane og tykte dette var eit godt tilbod som dei på det varmaste ville anbefale til andre og prøve.