Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Elisabeth opna kunstutstilling

Elisabeth opna kunstutstilling

Jon Olav Ørsal Torsdag 24. juni 2010

Torsdag kveld var det høgtidleg opning av kunstutstillinga til kunstnaren Elisabeth Aas i Surnadal kulturhus. Ho er i år festivalutstillar i høve Laksefestivalen, og viste eit stort utvalg i maleri som er måla på handlaga indisk bomullspapir. Ho nyttar akrylmåling, men det er også bruka kull, kritt, lim og fin sand (frå elva i Todalen) i måleria.  Ho stilte ut mange fine og fargerike måleri i fleire storleikar.

Ho har jobba heile etterjulsvinteren med å produsere måleri til utstillinga, og som sagt er det stort utval i fargar, storleikar, motiv og prisklassar. Det er absolutt verdt å ta turen innom for å sjå. Utstillinga er opa under heile Laksfestivalen, og da treffer du også kunstnaren der. Gruppa Perikom hadde eit triveleg musikalsk innslag i foajen  før opninga av kunstutstillinga der eit hundretalls publikum deltok.

Du kan også sjå på heimesida til Elisabeth på www.elisabethsatelier.com eller du kan stikke innom Elisaths atelier i dronningensgt 48 i Trondheim.

 

Publisert: 24. juni 2010, 23:52