Drivas lesarar kåra Elinor Bolme til «Årets Drivanavn i 2019». Elinor var nominert for sitt store engasjement for organisasjonen Norske Kvinners Sanitetsforening (NKS). Der er ho fylkesleiar på 6. året, og røper at ho truleg takkar ja til gjenvalg når tida kjem, skriv Driva når dei presenterer Elinor på sine nettider.
På driva.no er det eit fyldig intervju med Elinor, der ho fortel om oppveksten på Røv og korleis ho vart engasjert i NKS. – Det skjedde først gjennom arbeid i Todalen Sanitetsforening, og seinare har både NKS fylkeslag og NKS nasjonalt hatt glede av Elinors innsats.
Vi i Todalen.no har også hatt glede av Elinors engasjement. – Ho har vore redaksjonell medarbeidar heilt sia starten, og vi vil nytte høvet til å gratulerer Elinor med velfortjent pris!