I går kveld hadde Todalen Idrettslag kalla inn til årsmøte i Todalen ungdomshus. Nær 30 medlemmer hadde møtt opp for å vere med på behandlinga av årsmøtesakene. Elinor Bolme vart valt til ny leiar for idrettslaget, og overtok dermed stafettpinnen frå Michal K. Heimlund, som takka for seg.
Første sak på sakskaretet var årsmeldingar. Her vart årsmeldingane for: Driftsgruppa for anlegg, Økonomi og marknadsgruppa, Barne- og ungdomsgruppa, Trimgruppa og Hovudstyret lesne opp. Sjølv om aktiviteten også i 2021 var prega av koronasituasjonen, og at somme arrangement og aktivitetar difor måtte avlysast, har aktiviteten i idrettslaget og gruppene, tross alt vore ganske stor, med mange arrangement og aktivitetar. Alle årsmeldingane, vart med nokre tillegg, samrøystes godkjent. Årsmeldingane kan du lese her: «Årsmøte Todalen IL 2022»
Det reviderte rekneskapen for 2021, viser at den totale omsetning i idrettslaget var på litt over 1,1 millionar kroner, medan dei totale driftskostnadane var på 641.000 kroner. Dette gav eit årsresultat på 472.000 kroner for 2021. Så økonomisk sett har 2021 vore eit godt år for Todalen Idrettslag.
Ved årsskiftet 31.12.2021 hadde Todalen Idrettslag bankinnskot og eigendelar for knappe 1,4 millionar kroner.
Rekneskapen med resultatrekneskap, balanse og revisjonsberetning for 2021, vart samrøystes godkjent av årsmøtet. Rekneskapen for 2021 kan du sjå her: «Årsmøte Todalen IL 2022»
Det vart behandla to innkomne forslag under årsmøtet.
1. Etablering av skiløype frå Kårvatn – Hallset bru: Årsmøtet vedtok at saka skal utgreiast nærare fram mot årsmøtet for 2023. Årsmøtet vedtok også å gje styret fullmakt til å nedsette ei prosjektgruppe for vidare prosjektering.
2. Rekruttering til Snøscooterkomiteen: Årsmøtet vedtok samrøystes å gje styret fullmakt til å gje eit tilskot til den som vil ta førarkort på snøscooter, tilsvarande det det kostar å leige snøscooter for oppkøyring: Vilkår for slik støtte er at den som får støtte til oppkøyring, forpliktar seg til å vere med i snøscooterkomiteen for ein periode.
I tillegg la styret fram forslag om å legge ned campingplassen ved Bordholmen stadion. Årsmøtet vedtok samrøystes å gje styret fullmakt til å avvikle drifta av campingplassen ved Bordholmen stadion.
Årsmøtet vedtok samrøystes nye leigesatsar for utleige av Todalen ungdomshus, samstudes som det vart vedteke at leigesatsane for ungdomshustet skal regulerast på kvart årsmøte heretter.
Medlemskontingenten for 2023 vart samrøystes fastsett til kroner 150,- per medlem, det same som for 2022.
Budsjettet for 2022 vart samrøystes vedteke med eit budsjettert årsresultat på litt over 140.000 kroner. Samla budsjetterte inntekter er på i overkant av 800.000 kroner for 2022.
Siste post på saklista var val. Elinor Bolme, leiar i valnemnda, vart ved akklamasjon valt til ny leiar i idrettslaget, etter Michal K. Heimlund, som takka av som leiar. Elinor har fram til årsmøtet vore leiar i Trimgruppa, men da valnemnda ikkje hadde funne ny leiarkandidat, hadde ho sagt seg villig til å ta på som leiar for idrettslaget, om ingen meldte seg på årsmøtet. Elinor får med seg Endre Talgø (ny) som nestleiar, Jenny Stensby som kasserar og Turid H. Sæther som skrivar. Sissel H. Storslett overtek som leiar i Trimgruppa når Elinor no blir leiar i idrettslaget.
Fullstendig oversikt over tillitsvalde i Todalen Idrettslag, kan du sjå her: «Tillitsvalte TIL 2022»