Elgfall er ikkje kvardagskost på Halla, men søndag vart det like fullt ein elgkalv som måtte bøte med livet. Søndag var det fint jaktvær, og jaginga i Seterlia (innafor Romåa) ga ein elgkalv som resultat. Det skjedde i området ved Litjlia, fortel Lars Stensby som er formann i Halle og Husby Jaktlag. Tidlegare i jakta har laget felt fleire hjortar, men elg er ikkje kvardagskost i dei bratte liene på Halla. Det er feire år sidan dei siste felte elg, fortel Lars.
Det ryktes at det er felt fleire dyr rundt bygda i helga, men vi kjenner ikkje detaljane. Men hittil i år har det vore jamt bra uttelling for alle laga, og det tyder på at det er bra med hjortedyr i Todalen. Vi får ta ei oppsummering når sesongen er over, før vi benkar oss til Hjortfest i Ungdomshuset laurdag 19. november. Men det kan skje mykje før den tid, så send oss gjerne bilde frå jakta som vi kan vise på Todalen.no.