Ein trimmar i Toåa tursti fann ein ein død elg i Toåa, like ved turstien som går gjennom Slåttøya. Ståle Ansnes stilte med traktor for å få elgen på land, slik at den kan graves ned. Elgen har nok reist med elva som var flaumstor laurdags kveld – vassføringa var over nivå for 5-årsflaum. På topp var målinga ved Storfossen i 2-tida den natta.
Kvar elgen er komen frå det er det ingen som veit, med det er nok sannsynleg at den har prøve å forsere elva og vorte dregen med og har drukna. Elgen var 400 kg i rundvekt – det vil seie rundt 280 kg i slaktvekt, trur Ståle. Det var i allfall eit staseleg dyr som hadde 15 takkers gevir. Elgen skal no graves ned så snart som muleg seier Ståle.