Laurdag ettermiddage er det elevtreff på Husmorskulen på Halsa. Det skjer i samband med boksleppet for «Historia til Halsa Vidaregåande Skole», som Einar Oterholm har ført i pennen. Denne boka er nærast ei fortsetting av «Historia til Nordmøre Husmorskule». Den nye boka omhandlar altså tida etter at skulen vart fylkeskommunal og skifta namn og driftsform i 1977 og fram til skulen vart nedlagt i 2001. No samlar dei altså troppene og arrangerer elevtreff komande laurdag ettermiddag.
Elevtreffet blir arrangert i Stornaustet på Halsa, ettersom den staselege hovudbygninga på Husmorskulen brann ned til grunnen i 2014. Ein telefon til Torgunn Henden som var rektor på skulen i mange år, avslører at det er skikkeleg respons på elevtreffet og no i helga var det påmeldt over 160. – Og det er framleis plass til fleire fortel Torgunn, som tek imot påmeldingar på telefon 480 66 625. – Vi skal ha enkel servering på elevtreffet så det er berre å ringe og melde seg på, og ho garanterer at dette blir artig. I tillegg til boksleppet er det både underhaldning og presentasjon av historia til skulen, men også sett av tid til å prate med gamle elevkolleger.