Elevane fikk god respons når dei inviterte besteforeldra og bygdafolket på 10-kaffe i Todalen oppvekstsenter. Dei hadde dekt på i gymsalen og det var gjestar rundt alle bord når tida var komen. Elevane hadde nok budd seg godt, for dei hadde laga eit songkor der dei fikk god hjelp av vikarlærar Gudmund husby som for høvet var dirigent og akkompagnør når dei framførte kjente og kjære songar i lag med gjestane i salen.
Det starta med «Alle fugler» og fortsette vidare med «No livnar det i lundar», «No e sola komma» og ein litt rokka Lillebjørn-vise «Haba-Haba». Det er no 24 elevar i Todalsskulen og i tillegg var borna i barnehagen med, og det vart eit skikkelg kor. Det blir nok ingen problem å få rekruttert songarar til Todalskoret etter kvart! Vidare hadde elevane diktlesing på programmet og jentene i 3. – 6. klasse framførte ei danseoppvising til stor applaus frå publikum.

Rundt kaffebordet – frå venstre Bjørg og Per Bruset, Randi og Vidar Sogge, Erik Moen og Monika Klungervik og i forbrunnen Nathalie Astrid. Foto: Jon Olav Ørsal
Så var det sjølvsagt kaffe og bakels med graut og mykje anna godt – og tid for litt prat rundt borda og litt 10-kaffeQuiz, før heile arrangementet vart avslutta med «Song til Todalen» som allsong, og dermed var eit triveleg 10-kaffearrangement ferdig…

Jentene i 3.-6 klasse hadde øvt berre 2 dager, men danseoppvisninga kom dem godt ut av. Foto: Jon Olav Ørsal

Shan Allan var 9 år i dag og var beæra med bursdagssongen. Litt tøft med slik «oppstuss», med det gikk seg for til. Foto: Jon Olav Ørsal

Det var bra oppslutning om 10-kaffen i skulen – her var det nok både oldeforeldre, besteforeldre, foreldre, tanter og onklar som møtte opp. Foto: Jon Olav Ørsal.