Onsdag hadde Eldrerådet i Surnadal kommune møte i Todalen. dei hadde mange saker på dagsorden, men av lokale saker som for Todalen vart det diskutert tomt til eldrebustader i Todalen. Eldrerådet konkuderte med at det er stor behov for fleire eldrebustader, og at det er ei viktig sak som kommunen må prioritere.
Til neste møte i Eldrerådet vart det beslutta å kalle inn medlemar i den kommunale nemda som arbeider med denne saka, for å få meir informasjon om kva som er gjort og kva som er plana framover. Eldrerådet poenterte at det er mange i 80-90 årsalderen som i dag bur i tungvinte hus med mange trapper og vanskeleg adkomst, som har behov for ein enklare og lettvintare bustad.
På det vidare programmet under «Todalsmøtet» var det lagt inn eit kort besøk og omvising på utstillingssentret til Talgø (Gammelfabrikken) ved Storfossen, der også ordførar Mons Otnes og rådmann Knut Haugen deltok. Etterpå skulle alle til Sanitetshuset for å ta del i Eldremiddagen som hadde «kjøtt og påsse» og riskrem på menyen.
På bildet ser vi frå venstre ordførar Mons Otnes, Anne Marie Ranes, Randi Glærum (sekretær for eldrerådet), Gyda Stolsmo, Reidun T. Østvik, Martinus Torvik, Johs J. Vaag (ledar i eldrerådet) og rådmann Knut Haugen.