Alle kommunar er pålagde å ha eldreråd. Eldrerådet blir valgt av kommunestyret. Medlemmer i Surnadal eldreråd er Magnus Kristian Bævre (leiar), Lilly Gunn Nyheim, Odd Asbjørn Bævre, Anne Grete Gravvold og Kirsten Drøpping.
Eldrerådet i Surnadal kommune ønska møte med styret i Todalen sanitetsforening for å sjå det nyrestaurerte Sanitetshuset og få orientering om arbeidet i sanitetsforeninga, samstundes som dei ville informere om arbeidet til eldrerådet.
Frå 2019 kom det ny lov som endra statusen til eldrerådet frå å vere eit rådgivande organ til å bli eit medvirkningsorgan i kommunen. Det betyr at alle saker som gjeld eldre, skal eldrerådet ha til behandling og få delta i arbeidet med sakene før blir sende ut på høring. Surnadal kommune driv så langt ikkje i samsvar med lova, da eldrerådet får sakene for seint i prosessen.
Eldrerådet fekk orientering om arbeid og aktivitet i Sanitetsforeninga alt frå omsorgsbererdskap, Sanitetshuset med fire leiligheiter, kvinnehelse, Fredrikkekaffe, kløverturar osb. Leiligheitene er nyrestaurerte og lettstelte, har fint uteområde, lett tilgang til lokalbutikken og fine turområde. Her er det godt og sosialt å bu! Men leiligheitene kunne gjerne ha vore noko større med ekstra soverom.
Eldrerådet orienterte om saker dei har engasjert seg i som nytt helsehus, aldersvennleg kommune, vere representerte i råd og utvalg. Dei tek og gjerne imot innspel frå innbyggarar og foreiningar i kommunen.
Frå Sanitetshuset tok eldrerådet turen opp til Talgøfabrikken der dei fekk omvisning av John Moe. Her er det interessant møbelhistorie gjennom 125 år og fine utstillingar. Ein ny attraksjon på Gammelfabrikken er Trollheimsutstillinga som no blir montert i lyse og publikumsvennlege lokale.
Første formannen i Todalen sanitetsforening, stifta i 1916, var Thora Talgø. Ho var gift med Thore Talgø som starta Talgø Møbelfabrikk ved Storfossen rundt 1900. Thore døydde i 1913, og Thora vart eigar av fabrikken og ein av dei første kvinnelege industrileiarane i landet!