Det er no tre veker til eldremiddagen startar på igjen etter ein lang «sommarferie», og framleis har vi berre eit kokkelag som går på ny sesong. Karen Johanne Talgø og Grete Torvik tek på ny sesong, men det andre kokkelaget – Brit Nordvik og Jorunn Ness, takka for seg ved sesongslutt i vår, etter mange år ved grytene i Sanitetshuset. I sommar har Reidun Østvik og resten av styret i eldremiddag vore på utkik etter nye kokkar, uten å få napp frå nokon.
Det kan i verste fall medøre at Eldremiddagen må gå over til å arrangere annakvar veke i staden for kvar veke som det har vore heilt sia starten på 80-talet. Det vil være dumt, ettersom dette er eit arrangement som har stor betydning for dei eldre i bygda, seier Reidun Østvik, som no tek til å bli bekymra for rekrutteringa til kjøkkenet. Ho håpar at nokon kan melde seg i siste liten, slik at det kan bli ei løysing.
Todalen.no har snakka med to av bebuarane i Sanitetshuset, Jenny Kvendset og Marit Kalset. Dei fortel at eldremiddagen om onsdagane er eit stort høgdepunkt for dem. Det er veldig sosialt og triveleg å treffe andre eldre frå heile bygda, – og enkelte gong kjem det også folk utåfrå, og det er ekstra triveleg. Vi er vel ganske heldig vi som bor i Sanitetshuset da, for vi treffe kvarandre mesta kvar dag og har det triveleg her. Men det er da artig å treffe andre også, seier Jenny Kvendset. Jenny var forresten med i det første kokkelaget som starta opp på 80-talet, og minnes at det var kjøttkaker til middag på første middagen. – Vi håpar at det vil lykkast å få tak i kokkar, for dette har stor betydning for oss eldre, seier ho. Det er rett og slett eit høgdepunkt i kvardagen!
Vi konfronterer Maren Ansnes med denne utfordringa. Ho er ledar i Todalen sanitetsforening, og er slett ikkje ukjent med denne viktige saka. Ho fortel at ho som styreledar har vore oppteken av denne saka, og har alt prøva i finne løysingar. Måndag kveld vil styret i Todalen sanitetsforeng ha denne saka på dagsorden, og den vil også bli tema på medlemsmøtet tysdag kveld. Så får vi sjå om det kan finnast ei løysing, seier Maren.