Eldremiddagen har i over tjue år drive med middagsservering i Sanitetshuset. Utanom ferietida (sommar-, jul-, og påskeferien) samlast mange av dei eldre til middag og sosialt lag kvar onsdag. Kokkearbeidet går på omgang og det serveres allsidig og god mat, for ein billeg penge, fortel Martinus Torvik som er sekretær/kasserar i Eldremiddagen. For å få rekneskapen til å ga i hop har dei skaffa seg «sponsorar», der Surnadal kommune, Surnadal Sparebank, Gjensidige Surnadal og Statkraft v/Rossåa Settefiskanlegg har vore med og støtta prosjektet det siste året.
Sist torsdag tok styret i Eldremiddagen med seg kaffe og kvæfjordkake, og drog på besøk til settefiskanlegget for å takke for sponsormidlane dei har fått. Her diska dei opp og servert kaffe til dei ansatte, og hadde ei triveleg stund rundt bordet på kantina. Etterpå vart det omvisning på anlegget, der dagleg ledar Monika Klungervik viste rundt i Surna-avdelinga der dei produserer yngel og smolt som skal settast ut for å sikre Surnalaksens gener.
Rossåa settefiskanlegg produserer yngel og smolt til elvane Surna, Bævra og Toåa. Det er Statkraft som eig anlegget, og det produseres ca 200 000 smolt og einsomrig yngel årleg. Anlegget har 3 ansatte i dag.