Vi har fått e-post frå «eldregeneralen» Martinus Torvik. Han skriv:
«Eldremiddagen starta opp att sist onsdag kl 1300. Menyen var «Jegergryte» (rester frå Hjortfesten), Sviske-/Aprikos-/Rabarbragraut m/fløyte til dessert og til slutt kaffe m/blautkake og julbrød. Vi var 28 til bords med Brit og Grete som kokkar. Måltidet med prat og song varte til kl 1600.
Heretter blir det middag kvar onsdag framover og neste gong serverer Brit og Jorunn «Fesk og ståpp».
Vel møtt!
Helsing Martinus»