Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Eldremiddagen medlem i Todalen.no

Eldremiddagen medlem i Todalen.no

Jon Olav Ørsal Fredag 3. september 2010

Sekretær i «Eldremiddagen» Martinus Torvik skriv i ein e-post til oss at dei ønskjer å bli medlem i Todalen.no. Det takkar vi for, og ønskjer dem velkomne som medlemar! Vi har no etter kvart vorte mange og fleire er i kjømda. Eldremiddagen starta på igjen etter sommarferien sist onsdag, og da var dei 20 i talet som var samla i Sanitetshuset til bacalao, og kaffe etterpå.

Utanom det tradisjonelle programmet var det besøk av feiaren, Jon Nordvik. Han informerte om brannvern i heimen og demonstrerte aktuelt verneutstyr, noko som vekte stor interesse. Onsdag 8. september kjem ambulansepersonell (Arnt Ivar Brøndbo og ein kollega) med køyrety og utstyr for å syna fram kva hjelp ein kan få frå det haldet om trongen skulle oppstå. Da skal til dømes hjartestartar og anna førstehjelpsutstyr demonstrerast i bruk.

Torvik seier til slutt;»Vi har god plass til nye gjestar. Gratis å koma inn, men du må betala litt for god traktering. Dagen er onsdag, staden er Sanitetshuset og klokkeslettet er 13.00.»

Først publisert: 3. september 2010, 06:00 - Sist oppdatert: 30. oktober 2010, 15:22