Komande onsdag blir den siste eldremiddagen i Sanitetshuset. Da blir det ikkje berre sesongslutt og ferie, men det blir slutt for gått, fortel leiar i Eldremiddagen i Todalen Reidun Østvik. Det er ei kjent sak at styret i Eldremiddagen har streva med å få tak i kokkar for å halde den sosiale eldremiddagen i gang det siste året. No kastar dei korta, og sluttar av etter å ha halde på heilt sia 80-talet.
Reidun fortel at dei i styret i Eldremiddagen har snudd alle steinar i forsøk på å få tak i kokkar, slik at dei kan få til to kokkelag. Den siste tida har dei løyst problemet med å arrangere eldremiddag berre annakvar veke, men no er det altså slutt frå komande onsdag. Kva som kan skje vidare er det ingen som veit, men i si noverande form er det iallfall slutt, seier Reidun, etter at styret har teke den tunge avgjerda å slutte opp.
Men komande onsdag er det iallfall servering. Da står det fåresteik på menyen, og Reidun håper at mange av dei faste «kundane» tek turen til Sanitetshuset og blir med på den siste dagen med middagsservering. Kaffe og noko godt etterpå blir det nok også denne dagen, lovar ho.