Eldremiddagen i Todalen var onsdag samla til årsmøte og «feittysdag» i Sanitetshuset. Dei er ein trufast gjeng som samlast her kvar onsdag utanom ferietida, og jul- og påskeferien. Da serveres god og variert husmannskost og dette er organisert etter sjølvkostprinsippet, og da serveres det 3-retters middag for 75 kroner. Når det er luksusmiddag som kjøtt og påsse og julemiddag kostar det 100 kroner, fortel det nyvalde styret i eldremiddagen Anne Moe (ledar), Brit Nordvik (styremedlem) og Martinus Torvik (sekretær og kasserar) til Todalen.no.
Dei fortalte at det heile starta for over tjue år sidan, med Jon Lunde som primus motor. Sidan har dei helt på og kokearbeidet har gått på omgang gjennom åra. No er det Jorunn Ness, Grete Torvik og Brit Nordvik som har den jobben. Dei byttar på og er tosaman om jobben kvar gong, og onsdag var det Jorunn og Brit som laga «kjøtt og påsse».
Onsdag var dei 21 til bords til «kjøtt og påsse», og i tillegg var det eit par som fikk bringa middag. Det er mest todalingar som deltek på desse middagane, men dei har også gjestar frå både Nordvik og Surnadal, men det er som oftast folk som har ei eller anna tilknyting til Todalen.
Da Todalen.no var innom var dei ferdige med både middagen og årsmøtet, og det var livleg prat rundt borda i sanitetshuset. For eldremiddagen er ikkje berre eit «etarlag», men det er også ei sosial samling som har stor betydning for denne gjengen, som skulle runde av denne eldremiddagen med ein kaffedråpe da vi farta vidare.