Det har vore meldinga om ekstremvêr både når det gjeld nedbør og vind dei siste par dagane. Litt vind og litt nedbør har det vore, men langt i frå noko ekstremvêr, heldigvis. No har det meste av isen på asfalterte vegar tina opp og forsvunne, medan gardsvegar som er grusvegar enno er glatte, men grunn til å åtvare både fotgjengarar og andre trafikkantar.
Vêrusiktane for nyttårskvelden går i litt sludd og snø utover kvelden, og litt vind i 1-3 m/s – med 4-10 m/s i kasta. Altså ikkje verre enn at det går an å kle seg godt og tilpasse aktivitetane til både vêr og vind og samtidig vise hensyn til hundar og andre dyr som ikkje likar fyrverkeri.