Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ekstremvêret: Amy isolerte heile bygda

Jon Olav Ørsal Laurdag 4. oktober 2025

Dei siste dagane har vi vore åtvara mot ekstremvêret «Amy» som skulle bli det verste ekstremvêret på 25 år.  «Amy» kom som planlagt, og laga skikkeleg kaos med både stengt veg, straumutfall,  og utfall av breibandleveranse og telefon.  Når det er slik føler du deg ribba til skinnet, og det er ikkje enkelt å vite kvar ein skal starte for å kome seg innpå igjen.

Nokre grantre hadde gått overende og teke med seg kraftinja og som stengte vegen. Foto Jon Olav Ørsal

Det er nok vindfall i stranda inn til Todalen som er årsak til det meste – fleire store grantre  har lagt seg over vegen og teke med seg kraftlinja inn til bygda i same slengen.  Brudd i 2 av dei tre kablane inn til bygda, og 2 knekte stolpar i tillegg.  Her måtte det først mobiliserast mannskap frå S-Nett, og dei fekk bruk for sprengningskompetansen som dei øva på i veka som gjekk. Etterkvart fekk dei sprengt grantrea og ei gravemaskin med tømmerklype fekk rydda unna trea og dermed var vegen klart for å opnast for trafikk. 

Ståle Søter og Åsmund Longva Kvendset frå S-Nett foto Jon Olav Ørsal

Men framleis vil det ta tid før straumen og breiband kjem att – det blir kanskje mørkt i kveld før det skjer er siste beskjed frå S-Nett.  Det ser ut som at det må leggast høgspentkablar til ei provisorisk kraftline forbi skadestaden, trur montørane frå S-Nett.  Da vil nok det meste av lysdagen gå med før det er klart til å sette på straumen.  

Mange tre måtte gje opp kampen mot Amy i natt – her fra Austista der kastanjen gjekk overende. Foto Jon Olav Ørsal

Elles er det mange trær som er gått overende rundt bygda, og nokre tak er det nok som er skadd. Men det dreier seg ikkje om ting som får nokon konsekvendar for dagleglivet.  

Todalen historielag melder at 150-årsmarkeringa for Halvor Ørsal er avlyst på grunn av straumbrotet, men det vil bli sett opp på nytt når ein ny dato er klarert.

Vi har lagt ut eit bildegalleri fra ein liten runde rundt bygda i morgontimane  – alle foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 4. oktober 2025, 12:14