Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ekstremêret Ingunn fører til stengte skular onsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 30. januar 2024

Det er som følge av ekstremvêret Ingunn, som når store delar av Møre og Romsdal i løpet av onsdag ettermiddag og kveld, meldt oransje farevarsel. Alle grunnskulane i Surnadal kommune og Surnadal videregåande skole, i likheit med dei andre videregåande skulane i Møre og Romsdal vil difor halde stengt onsdag. Elevane som går på vidaregåande får i staden heimebasert undervisning, medan grunnskuleelevane ikkje får slik undervisning.   

Det er kysten som får det verste vêret, men også indre stråk vil merke ekstemvêret godt i form av sterk vind, mogleg torden og nedbør i følge vêrmeldingane. 

Ekstremvêret kan også føre til stengte vegar, bruer, fergestrekningar og bortfall av straum og telefon somme plassar i Møre og Romsdal. 

Surnadal kommune følger situasjonen tett og kjem med ny og oppdatert informasjon på sine heimesider surnadal.kommune.no i morgon. Da vil det også bli bestemt om skulane vil halde stengt også på torsdag. Du kan også følge Surnadal kommune på Facebook

Inntil vidare må ein berre førebu seg som vanleg, ved å sikre lause gjenstandar og følge med på trafikkmeldingane på 175.no og vêrsituasjonen på yr.no

Først publisert: 30. januar 2024, 20:41 - Sist oppdatert: 31. januar 2024, 07:38