Folk har velta inn i kulturhuset på Skei for å sjå «Herfra til Flåklypa» i jula, og det har ikkje vore billettar å oppdrive på fleire av framsyningane. Surnadal kino vil vise filmen både laurdag, søndag og i neste veke. Men det ser ut til at ekstra mange vil sjå filmen no i romjula. Det er difor sett opp ei ekstraforestilling i morgon, onsdag, kl. 1200, melder Steinar Hasselø ved Surnadal kulturhus.
Korrektur var allereie sendt på annonsa i onsdagens Driva da dette vart avgjort, slik at forestillinga ikkje står opplista der. Sjekk ledige billettar her: Flåklypå på Surnadal kulturhus