Søya og Todalen skyttarlag avlyste oppskytinga sist måndag på grunn av den grusame handlinga i Oslo og på Utøya siste veke. Neste veke vert det imidlertid to skytekveldar, måndag (1.8) og onsdag (3.8), med same tid 18-20 begge kveldane. Ledar i skyttarlaget, John Moe, fortel at dei no er i full gang med oppskytinga og at det blir skyting kvar måndag fram til 29. august som er siste kveld.