Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ekspert på gode råd til sjølvhjelp

Jon Olav Ørsal Tysdag 14. mai 2024

Einy Rendal Elgsæther var skeptisk da ho såg at Surnadal kommune skulle kome rundt til dei eldre i kommunen på heimebesøk.  Ho var redd det var eit tilsyn, som kunne kome med pålegg om både det eine og det andre. Var eigentleg litt redd for å få kritikk for manglande tiltak. Svindelforsøk var også i tankane til Einy, men der tok ho grundig feil.

Røykvarslar har ein viktig del av brannvernet i private heimar – Vibeke kan gi gode råd om plassering og montering. Vibeke og Einy studerer røykvarslaren som skal monterast hos Einy og Svein. Foto Jon Olav Ørsal

Vibeke Warvik skal fungere som ein rådgjevar for de eldre, og ikkje noko tilsyn.  Ho har i oppdrag å besøke alle i kommunen som er over 70 år for å sjå litt korleis folk har det, og være med og vurdere tiltak saman med de eldre. 

Sjølvsagt er det stor fokus på brann, der brannvarslarar, brannsløkkingsutstyr og rømmingsvegar har stor fokus. Elles kan det være enkle ting som å ha ei lommelykt tilgjengeleg på soverommet i tilfelle straumbrot eller ei enkel komfyrvakt på kjøkkenet.   – Egentleg kan ein seie at det dreier seg om generell sikkerheit i all enkelheit. Alle råd er gratis – du får ingen pålegg – konfidensielle besøk. 

Einy og Svein har hengt opp infoplakatar om brannverntiltak heim på Ørskog – ein plakat i kvar etasje. Her er det opplys om kvar du finn hjelpemidla for brannvern. Ein god ide, tykte Vibeke. Foto Jon Olav Ørsal

Einy var ein av dei første som tok kontakt, fortel Vibeke, og når dei treftest så vart det ein god kontakt mellom dei to.  – Dei tok ein gjennomgang av huset heime på Ørskog og Einy seier at ho fekk mange gode tips om enkle ting som kunne gjerast.  Som eksempel nemner ho golvmatter i gangane som lett kan være ein stor snublefare.

Slik omtrent monterer du røykvarslaren – minst 50 cm frå vegg. Vibeke er behjelpelig med montering. Foto Jon Olav Ørsal

Vibeke er ny i jobben og er rekruttert frå heimesjukepleia så ho er vant til å besøke og omgå eldre.  Ho seier at det er viktig å ha tid når kjem på visitt – og det er viktig å få folk til å føle seg trygge.  Som sagt er rådgjeving den viktigaste delen av jobben, og ho tek gjerne del i planlegging av tiltak for å gjera bustadane trygge gjerne med info og råd om tilskot.  Eller kanskje du er i tvil om kvaliteten på elanlegget i huset – Vibeke hjelper deg meir enn gjerne med å formidle kontakt til Eltilsynet.

Vibeke Warvik har starta runden sin på Todalsøra, og gler seg til å kome rundt og treffe folk – ta vel i mot ho!  Men ho har eit lite men, for på feielista ho går etter så er det berre huseigarar.  Andre over 70 år som er leietakarar på eit eller anna vis oppfordrar ho til å ta kontakt, slik at det kan gjerast ein avtale om besøk. 

Røykvarslarane monterast minst 50 cm frå vegg. Røykvarslarar som er meir enn 10 år gamle er modne for utskifting. Det finns mange typar å velge mellom – det kan være lurt å seriekoble dersom du har fleire. Foto Jon Olav Ørsal

 

Først publisert: 14. mai 2024, 13:00 - Sist oppdatert: 15. mai 2024, 08:36