Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Eks-redaktør rosar todalen.no

Jon Olav Ørsal Måndag 4. mars 2024

– Målet for alle dei lokalavisene eg kjenner til, er å fungere som eit lim i lokalsamfunnet. Todalen.no har meir enn del fleste forstått kva denne oppgåva går ut på.  Det skriv pensjonert redaktør Lars Steinar Ansnes på bloggen sin Fintenkjarplassen.

Ansnes, som ikkje er heilt fri for todalsblod i årene, er fast lesar av todalen.no. Han meiner at redaksjonen gjer veldig mykje rett – og fortener skryt for jobben som blir gjort.  Du kan lese innlegget på Fintenkjarplassen ved å klikke her. (lenke)

Lars Steinar Ansnes har vore «avismann» heile livet – starta sin karriere i Romsdalsposten, og har sia vore innom blant anna Stjørdalingen og Fylket som redaktør før han no sist var redaktør i Aura Avis i ein mannsalder. – Men no er det bloggen Fintenkjarplassen som tek mykje av tida hans, og der luftar han meiningar om mangt som er verdt å lese.

Publisert: 4. mars 2024, 17:05