Nakari og Eivind er ute på tur kvar einaste dag. Onsdag føremiddag trefte vi dei to ved Lauvåskogan på sin runde rundt bygda. – Det er kjekt å ha ein pådrivar for å kome seg ut, seier Eivind Grønmyr om turkameraten. Og dei to tek seg ein tur både 2 og 3 gong kvar dag. Enkelte dagar går turen storrundt, slik som i dag, men enkelta gong blir det litjrundt. Det vil seie om Brusetbrua eller Hengebrua og heimatt til Steinarstua om Øyabrua…..
Og turkameraten Nakari, det er ein shiba (japansk spisshund) av varianten baytan na kari, – som betyr stor jeger. Om hundetypen Shiba kan du lese meir på nettsiden Wikipedia.