Laurdag formiddag opna Rindalsmessa sitt arrangement på Rindalshuset. Omtrent frå starten var det eit yrande liv og mange besøkande. I år er det heile 60 utstillarar, dei fleste frå Rindal, men også mange Surnadalingar og sjølvsagt fleire Todalingar. Det var skikkeleg trøkk utover dagen, og det var mange som bar på store bæreposar etter kvart.
Frå Todalen var sjølvsagt veteranen Bernt Jørgensen på plassen sin, i gangen på Rindalshuset, men også Viastua Gardsmat var der med heimlaga lefser, mølsgraut og og forskjellig husflid. Magne Søyset hadde ein flott stand med mykje tresløyd, knivar og smykker i stort utvalg. Men Rindalsmessa har eit kjempe utvalg av heimlaga produkt og det var både skinnfellar, bakverk, trevarer, urteproodukt, heimbaka flatbrød, strikketøy og mykje anna rart. det er forresten imponerande å sjå kor mykje fint som blir laga, og kor flinke folk er med hendene sine. Det er heilt utruleg!
Rindalsmessa er opa berre laurdag og søndag denne helga. Søndag er det ope frå kl 12 og utover til kl 17. Ta ein tur – det er det vel verdt! Nedafor finn du nokre lokale kjendisar som som deltek på Rindalsmessa med sine produkt.