Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Eit spesielt år for Eiksenteret

Jon Olav Ørsal Tysdag 25. oktober 2022

Iver Magne Nes som er butikksjek for Eiksenteret i Surnadal sit på ein raider som står saman med to raidere til og eit par-tre snøfresarar.  Alle sammen skal leverast til kundar no, og det er litt spesielt at 3 slike traktorklipparar skal leverast denne årstida. Men Iver Magne fortel at det har vore store problem med leveranser i heile sommar, og problema botnar ut i at det har vore mangel på deler i produksjon.  Det er ei kjent sak at både bilindustrien og produsentar av mange typar maskinelle produkt har hatt problem med levering ev elektriske komponentar – sakalla halvledarar. 

No er robotkløpparane på plass i butikken – i sommar var det krise, og vi måtte improvisere for å løyse floken. Foto Jon Olav Ørsal

Det er nok den spesielle situasjonen som har oppstått i samband 2 år med pandemi, energikrise og ikkje minst krigstilstand i Ukraina som er årsak til dette. Først no i disse dagar er leverandøren av plenklipparar komne ajour med leveransane – etter at sesongen forlengst er over.  Vi kunne sjølvsagt ha avbestillt ordren, men vi har bestemt oss for å ta i mot varene.  Det gjer vi for å være sikre på at vi skal ha varer til vårs – elles reknarr vi med at det blir same problemet til neste år, som vi har hatt i år.  Vi har venta i heile sommar på at vi skulle få «påfyll» med robotkløpparar frå Husqvarna, og har difor kjøpt inn robotkløpparar frå dei 10 andre avdelingane i Eiksenteret – i tillegg har vi kjøpt inn eit anna merke.  På denne måten har vi klart å være omtrent på budsjett, seier Iver Magne.

Litt uvanleg å selge raidere på denne årstida konkluderer Iver Magne Nes, som er butikksjef på Eiksenteret i Surnadal. Foto Jon Olav Ørsal

– No er vi godt rusta både med plenkløpparar og snøfresar – så for dei som har venta forgjeves på eit godkjøp den siste sesongen kan det være lurt å være frempå no, seier Iver Magne.  Han er litt spent på korleis utviklinga blir utover vinteren – dersom det blir ein snøvinter kan det nok bli litt problem med nye leveransar.  Det har også vore problem med leveransar av betteri til batterisager og grastrimmarar, men dette ser ut til å ordne seg no. 

Etter kvart blir det vel full fokus på snøfresarar – men Iver magne er spent på leveringssituasjonen utover vinteren. Foto Jon Olav Ørsal

Eiksenteret i Surnadal er medlem i Todalen.no

Først publisert: 25. oktober 2022, 06:00 - Sist oppdatert: 24. oktober 2022, 19:14