Gladmelding frå Todalen sanitetsforening om at Rossåa settefisk/Statkraft støttar prosjekt hjartestartar med kr 5.000,-. Dermed er prosjektet halvfinansiert, og eit stort skritt næreare realisering.
Tidlegare har Talgø Møbelfabrikk signalisert at dei støttar prosjektet med kr 10.000,- . Totalkostnaden med ein slik hjartestartar er ca 30.000, og etter plana skal den plasserast i brannstasjonen på Kvennset. Givarane oppmodar andre bedrifter, lag og organisasjonar til å støtte hjartestartarprosjektet slik at det blir realisert fort.