Det er eit sikkert vårtegn på Kvennset at Todalen brannlag spylar vekk strøsand, rusk og rask på plassen frammafor Talgø-fabrikken og Matkroken L.Hals. Dermed slår dei to flyer i ein smekk, og får gjort vårreint samtidig som dei får køyrd motorane på brannpumpene ein skikkeleg runde etter ein lang vinter uten å ha vore i bruk.

Todalen brannlag har ei lita øving kvar månad, der dei samlast for å halde vedlike og prøve utstyret slik at dei er sikre på at det virkar dersom det blir bruk for det, fortel Håvard Halset i Todalen brannlag.
