Fredag og laurdag aksjonerte medlemane i Todalen sanitetsforening med salg av fastelavnsris. Det er ein årviss «happening» at dei lagar bukettar med fastelavnris, som dei pyntar med fargesprakande fjer, som dei så sel til inntekt for sanitetsarbeidet . I år hadde dei altså gjort ein vri og laga stand ved Matkroken L. Hals. Da dei starta laurdag morgon var det rundt 15 kuldegrader, og da hadde dei laga bålplass, og serverte nystekte bollar og varm kakao til dei som kom på handlerunde.
Og det var eit populært tiltak, for folk stoppa opp for å slå av ein prat, og i vinterkulda var det godt med varm kakao og nystekte bollar. Og da var det nok dei felste som kjøpte ein bukett med fastelavnsris eller fjør til å pynte eit tre som dei også selde. Dei hadde laga 100 bukettar, og trudde det var rikeleg, men på tampen av dagen var dei fleste bukettane gått ut. Mange nytta også høvet til å kjøpe seg ein kopp med den nye dekoren til NKS på. Du kan lese meir om aksjonen for salg av fastelavnris på heimesida til Sanitetskvinnene.