61,3 % av dei som har valgt å gå til stemmeurna for å seie si meining om framtidas kommunestruktur i Surnadal kommune gjekk for alternativ 1; storkommune i lag med Halsa og Rindal. 38,7 % av velgarane kryssa av for alternativ 2; å stå som eigen kommune som i dag.

Klart fleirtal for storkommune i lag med Halsa og Rindal konkluderte ordførar Lilly Gunn Nyheim. Foto: Jon Olav Ørsal
Ordførar Lilly Gunn Nyheim kunne i kveld orientere om særs låg valgdeltaking i forbindelse med valget under kveldens pressekonferanse etter oppteljing på kommunehuset. I overkant av 1600 teljande stemmer vart det gjeldande resultatet. Det utgjer ein valgdeltakelse på kun 32,5%.