Mange kom nok borti asfaltarbeidet som pågjekk frå krysset på Haugen og inn til Todalen i dag. Ikkje så mykje asfalt vart tildelt på denne strekninga, men betre enn det var forbi brua på «Hauahyllå» vart det nok. «Knekken» på brua har dei siste åra vorte meir og meir framtredande. Derfor vart vegen fresa ned rundt og over brua for at dette no skulle bli best muleg.

Asfaltkarane frå Veidekke held på med dei siste metrane etter svingen i retning Åsbøen. Trongt for bilistane, og ikkje minst for arbeidsfolket.
Asfaltering var de også på Kvennset i dag, der det nok ein gong har vore oppjusterng av ei stikkrenne i Sissigrenda, men her vart ikkje mange metrane fornya.